Hopp til hovedinnhold
Norges riksvåpen

Riksmekleren

Nettstedskart
Søk  
 

Ord og uttrykk  
Normallønn og normallønnsavtaler

Tariffavtaler med fast lønnsregulativ kalles ofte en normallønnsavtale. Slike avtaler forutsetter i utgangspunktet at det ikke skal avtales tillegg utover normallønnen, dersom ikke... Les mer


Tidligere nyheter  

Logg inn

Om meklingsinstitusjonen

Meklingsordninga vart innførd i Noreg i 1915, då vi fekk den fyrste arbeidstvistlova. Hovudtrekka i meklingsinstitusjonen og meklingsordninga har vore lite endra sidan. Den meklingsinstitusjonen vi har i dag, var fyrst heimla i lov 5. mai 1927 nr. 1 om arbeidstvistar (arbeidstvistlova 1927). Førre større endring før den nye arbeidstvistlova 2012 var i 2003, med grunnlag i Ot.prop nr 46 (2001-2002) og Inst. O. nr 52 (2001-2002). Arbeidstvistlova 2012 (lov om arbeidstvistar 27. januar 2012 nr. 9) er den fyrste større lovrevisjonen sidan 1927 lova, og byggjer på Prop. 134 L (2010-2011) og Innst. 91 L (2011-2012).  

Nils Dalseide
Nils Dalseide

Institusjonen har til oppgåve å mekla i interessetvistar mellom partane i arbeidslivet, dvs. tvistar om oppretting eller revisjon av tariffavtalar. Hovudføremålet er altså å hjelpa partane til å unngå konflikt og dermed tryggja arbeidsfreden. Nærare omtale av meklingsinstitusjonen og arbeidet der finst mellom anna i ”Vårens vakreste eventyr..?, NOU 2001:14, i Torgeir Aarvaag Stokke: ”Lønnsforhandlinger og konfliktløsning” i Fafo-rapport 246 1998 og i Preben Munthe: ”Megling i arbeidstvister – teori og praksis” i Festskrift til Tor Aspengren, Tiden Norsk Forlag 1997.

Meklingsinstitusjonen er ein fagleg uavhengig institusjon som administrativt ligg under Arbeids- og inkluderingsdepartementet. At institusjonen er fagleg uavhengig, inneber at korkje Regjeringa eller organisasjonane i arbeidslivet kan instruera han. Men verksemda er heilt avhengig av tillit både hos styresmaktene og hos partane i arbeidslivet. Andsynes partane må meklaren både i prinsippet og i praksis vera heilt nøytral. Partane er likeverdige, og ingen må få nokon føremon framfor andre. Meklingsmøta skal, etter ordlyden i lova, ”holdes for lukkede dører”.

Fredsplikt

Dei grunnleggjande spelereglane for partane i tariffoppgjera er nedfelte i arbeidstvistlova og i tenestetvistlova. Tenestetvistlova dekkjer statsforvaltninga, medan arbeidstvistlova dekkjer heile arbeidsmarknaden elles. Båe lovene har to viktige grunnreglar:

  • Det skal vera arbeidsfred så lenge tariffavtalen gjeld. Det vil seia at arbeidskamp (streik eller lockout) fyrst kan setjast i verk etter at tariffperioden er omme.
  • Ein konflikt kan ikkje setjast i gang utan at det er prøvt med mekling.

Interessetvistar

Det viktig å skilja mellom rettstvistar og interessetvistar. Rettstvistar, dvs. juridiske tvistar om innhaldet i ein gjeldande tariffavtale, er det arbeidsretten som avgjer. Meklingsinstitusjonen arbeider berre med interessetvistar, dvs. tvistar om korleis løn og andre arbeidsvilkår skal regulerast i ein framtidig tariffavtale. Skal meklinga lykkast, må båe partane godta meklingsframlegget. Mislykkast meklinga, har meklaren ingen sanksjonar andsynes partane. Meklingsinstitusjonen er såleis ingen domstol.

Fristar

Den som vil gå til arbeidskamp, må senda konfliktvarsel til motparten. Som regel er det arbeidstakarsida som varslar plassoppseiing (streik). Slikt varsel må òg sendast til meklingsinstitusjonen. Etter arbeidstvistlova må riksmeklaren innan to dagar avgjera om det skal leggjas ned førebels forbod mot arbeidsstans. Riksmeklaren legg ned slikt forbod dersom det reknas med at ”arbeidsstansen enten på grunn av bedriftens art eller på grunn av sitt omfang vil medføre skade for almene interesser”. Praksis er at riksmeklaren legg ned forbod i samband med konfliktar som er knytte til landsdekkjande tariffavtalar.

I konfliktar i uorganiserte verksemder som følgjer ein landomfattande avtale, og som i praksis kjem inn under dei same plassoppseiingane som partane i avtalen, blir det normalt ikkje nedlagt forbod. Men partane blir haldne informerte om korleis meklinga går. I tvistar om oppretting av tariffavtalar med ein uorganisert arbeidsgjevar blir det svært sjeldan nedlagt forbod mot arbeidsstans. I staden bed riksmeklaren om at det ikkje blir sett i verk arbeidsstans før ei eventuell mekling er gjennomførd. Partane følgjer som regel ei slik oppmoding.

Etter at det er nedlagt mellombels forbod mot arbeidsstans, må meklinga ifølgje arbeidstvistlova vara i minst ti dagar før ein av partane kan krevja brot. Deretter har meklaren fire dagar til å avslutta meklinga. Det vil seia at det vil gå minst 14 dagar frå eit mellombels forbod mot arbeidsstans til ein konflikt kan bryta ut.

Etter tenestetvistlova, som altså gjeld for statsforvaltninga, kan det ikkje setjast i verk arbeidskamp så lenge meklinga er i gang. Her har riksmeklaren inntil 14 dagar på seg frå det blir orientert om forhandlingsbrotet til meklinga byrjar. Deretter må meklinga vara i minst 14 dagar før ein av partane kan krevja brot. Etter meklingsbrotet har meklaren ytterlegare sju dagar på seg til det kan setjast i verk konflikt. Når det blir nedlagt mellombels forbod mot arbeidsstans i kommunesektoren, kan riksmeklaren avgjera at fristane i tenestetvistlova og ikkje arbeidstvistlova skal gjelda for meklinga.

Mekling og meklingsframlegg

Under heile meklinga arbeider meklaren med sikte på å leggja tilhøva slik til rette at det kan leggjas fram eit meklingsframlegg. Målet er at standpunkta til partane skal nærma seg kvarandre under meklinga. Dersom avstanden mellom krava og tilboda frå partane framleis er for stor mot slutten av meklinga, kjem det til vanleg ikkje noko meklingsframlegg. Dersom det er mogleg å koma med eit framlegg, kjem det som regel på siste meklingsdagen. Partane tek så stilling til framlegget, og deretter blir meklinga avslutta, utan omsyn til om framlegget har fått tilstutning frå båe partane eller ikkje

Alt etter kva fullmakter og avtalar som gjeld, kan framlegget anten godtakast på staden, tilrådast og sendast til røysting eller sendast til røysting utan tilråding. Skal det røystast over framlegget, blir det som regel sett ein frist for det.

Blir framlegget vraka av (minst) éin av partane, er det opna for konflikt. Dersom partane hamnar i konflikt, er meklingsinstitusjonen forplikta til å ta eit initiativ andsynes partane når konflikten har vart i 30 dagar.

Oppbygging og organisering

Verksemda står under leiing av riksmeklaren, som blir oppnemnd av Regjeringa for tre år. Det blir òg oppnemnt faste meklarar for bestemte krinsar for ein like lang periode. Det er sju slike krinsmeklarar - tre for Austlandet og éin for krinsane: Sørlandet, Vestlandet, Trøndelag og Nord-Norge. Krinsmeklarane meklar i hovudsaka i lokale tvistar, dvs. tvistar om oppretting av tariffavtale og der det ikkje blir nedlagt mellombels forbod mot arbeidsstans. Arbeidstvistlova opnar òg for at det kan nemnast opp særskilde meklarar for bestemte saker eller tidsrom. Det er for tida oppnemnt tolv særskilde meklarar. Dei meklar saman med fleire av krinsmeklarane i tvistar på nasjonalt nivå for å unngå at det blir for lang ventetid i meklingsinstitusjonen.

I tillegg til riksmeklaren har meklingsinstitusjonen ein tilsett som tek seg av dei administrative funksjonane. Krinsmeklarane får ei mindre fast godtgjersle og godtgjersle for den tida dei brukar på meklingar. Dei særskilde meklarane har berre godtgjersle for den tida dei faktisk arbeider med mekling.

Oversyn over verksemda

Hovudaktiviteten er knytt til landsomfattande tariffavtalar. I 2006 handsama meklingsinstitusjonen ferdig i alt 117 slike saker. Dei landsomfattande tariffavtalane er normalt 2-årige, og avtalane frå 2004 gjekk såleis ut i 2006. Det året vart det difor etter måten mange meklingar. I mellomoppgjersåret 2005 vart det handsama ferdig i alt 14 saker.

I 2006 var det ferdig handsama 79 krinssaker, mot 88 året før. Dei fleste av desse sakene vart løyste utan formell mekling.

I 2006, som var eit år med hovudoppgjer og ekstra stor aktivitet, var utgiftene til meklingsinstitusjonen på i alt ca 6 millionar kroner.

Årsmeldingane frå riksmeklaren inneheld meir informasjon om sjølve verksemda.

Meklingsregisteret, som stendig vert oppdatert, inneheld standardisert informasjon om gangen i alle meklingar i samband med oppretting og revisjon av landsdekkjande tariffavtalar (riksmeklingar). I tillegg vert det i tabellform gjeve meir summariske oversyn over riksmeklingar og krinsmeklingar.

Riksmeklarens møtebok for kvar riksmekling inneheld resultatet av meklinga, og vert gjort kjend så snart meklinga er avslutta.

Medarbeidarar

Riksmeklar

Nils Dalseide

Administrasjon

Seniorkonsulent Anne Kjuus Brænden

Krinsmeklarar

Austlandet krins (Oslo, Akershus, Buskerud, Østfold, Hedmark og oppland):      Tingrettsdomar Inger-Marie Landfald, Sarpsborg                             
Lagdomar Dag Stousland, Bærum
Konsulent Inger Tellefsen, Oslo

Sørlandet krins (Vestfold, Telemark, Aust-Agder og Vest-Agder):
Lagmann Reidun Wallevik, Skien

Vestlandet krins (Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane):
Lagdomar Daniel Lunde, Bergen

Trøndelag krins (Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag):
Lagdomar Mats Stensrud, Trondheim

Nord-Norge krins (Nordland, Troms og Finnmark):
Lagmann Dag Nafstad, Tromsø

Særskilde meklarar

Sorenskrivar Geir Engebretsen, Bærum

Professor Nils-Henrik M. von der Fehr, Hurdal

Kartverkssjef AnneCathrineFrøstrup, Hønefoss

Tingrettsdomar Ola Berg Lande, Oslo

Lagdomar Bjørn Lillebergen, Bergen

Lagdomar Carl Petter Martinsen, Bergen

Advokat Adele Matheson Mestad, Oslo

Lagdomar Monica Hansen Nylund, Tromsø

Kst. lagdomar Mats Wilhelm Ruland, Oslo

Tingrettsdomar Richard Saue, Stavanger

Lagdommer Kine Steinsvik, Oslo

Advokat Elisabeth Stenwig, Oslo

Utskriftsvennlig side

(Opprettet: 03.05.2005)
(Sist oppdatert: 30.03.2016)


Kontaktinformasjon   
Riksmekleren
Grensen 3
0159 Oslo
Tlf. 22 97 99 99
Faks 22 97 99 98
post@riksmekleren.no

Riksmekleren  
Institusjonens oppgave er å mekle i interessetvister mellom partene i arbeidslivet, dvs. tvister om opprettelse eller revisjon av tariffavtaler. Virksomheten ledes av riksmekleren.

Pågående meklinger  

Sak 2017-024
Parat og NHO Luftfart
Frist: 16.12.2017 kl. 00:00

Pågående konflikter  

Kommende meklinger  

Riksmekleren - Grensen 3 - 0159 Oslo - Tlf. 22 97 99 99 - Faks 22 97 99 98 - post@riksmekleren.no
Feil meldes til webmaster